Open søknad i Ecura Bo og Habilitering avd. Sogn
Me er stadig i vekst, og treng stadig nye tilsette til våre døgnbaserte bu- og omsorgstiltak. Me jobbar medleverturnus, altså er me på jobb 2-4 døgn i strekk. I turnus ligg også friperiodar på inntil 9 døgn. I samband med dette søkjer me deg som kan vere med å skapa ein god arbeidsplass både for kollegaer og bebuarar. Om du i tillegg brenn for målretta miljøarbeid og kunnskapsbaserte metodar er Ecura plassen for deg!
Denne utlysinga er ikkje knytta direkte til ei konkret stilling, men dersom du søkjer jobb som tilkallingsvikar, deltidsstilling eller 100% fast, er dette plassen å søkje. Me vurderar kandidatane fortløpande som behovet dukkar opp i våre avdelingar.
Ecura er genuint oppteken av å levere tenester med god kvalitet. Me er endringsorienterte, yter omsorg, er opptekne av utvikling, at alle skal møtast med respekt og me tek ansvar.
Kvardagen vår handlar om å rettleie menneske som av ulike årsakar har eit stort bistandsbehov. For å gjere ein god jobb er me avhengig av ei samansveisa personalgruppe med gode omsorgsevner og forståing for prosedyrar og digitale arbeidsverktøy.
Me tilbyr:
- God bemanningsdekning
- Gode pensjon- og forsikringsordningar
- Tilgang på rettleiing frå intern fageining og eksterne samarbeidspartnarar
- Utviklingsmoglegheiter i eit ambisiøst og sterkt fagmiljø
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
- Kurspakke
Kompetansekrav:
- Bachelor i vernepleie
- Bachelor i sjukepleie
- Bachelor innan anna helse/sosial/pedagogisk retning
- Student innan helse/sosial/pedagogisk retning
- Er ufaglært med ynskje om å gjere ein forskjell
Elles vektlegg me følgande:
- Kompetanse og interesse for målretta miljøarbeid
- Erfaring med åtferd som utfordrar
- God relasjonskompetanse
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort, klasse B
Godkjent politiattest jamfør gjeldande lovverk, vil bli etterspurt.
Kontaktpersonar:
Pia Hickman, pia.hickman@ecura.no, tlf 94869455
Øystein Haugen, Oystein.haugen@ecura.no , tlf 92417263
Linda Brusegard Bøe, linda.brusegard@ecura.no, tlf 47479934
Om Ecura
Ecura er eit resultat av flere selskap som har slått seg saman for å bygge eit kvalitetsorientert norskeigd helse- og omsorgsselskap. Me er i sterk vekst og sysselset over 3 500 ansatte fordelt på ulike områder. Våre tjenester omfattar heildøgns tjenester for personar med samansatte bistandsbehov, veiledningstjenester, brukarstyrt personleg assistanse (BPA), heimetjenester samt vikartjenester for helsepersonell. Me har verksemnd i heile landet.
Me er ISO sertifisert både innan miljø, arbeidsmiljø og kvalitet. Som første helseforetak i Norge blei me også sertifisert for ISO 27001; informasjonssikkerhet i 2020.
- Steder
- Sogndal
Om Ecura Bo og Habilitering
Ecura Bo og Habilitering AS er en ledende leverandør av omsorg, miljøarbeid og miljøbehandling i Norge. Vi tilbyr varige heldøgnstjenester, korttidstilbud og avlastningstjenester for mennesker med komplekse bistandsbehov. Vårt mål er å skape et fullverdig liv og trygge rammer for tjenestemottakere, pårørende og oppdragsgivere.
Open søknad i Ecura Bo og Habilitering avd. Sogn
Laster inn søknadsskjema