Fagkonsulent i Ecura Bo- og Habilitering
Som fagkonsulent inngår du i eit regionalt leiarteam og har det faglege ansvaret for tenesteutøvinga til mennesker med langvarige og samansatte behov. Du vil jobbe med hovedfokus på fag og kvalitet.
Ecura Bo og Habilitering søkjer ny FAGKONSULENT på Vestlandet.
Ynskjer du å jobbe med hovedfokus på fag og kvalitet i tenestene til mennesker med langvarige og samansatte behov? Ecura Bo og Habilitering opplever at tenestene våre er ettertrakta og me søkjer etter deg som er målretta, har faglege ambisjonar og engasjement til fagteamet vårt. Her skal me ta deg godt i mot!
Ecura nyttar metodikk som i hovudsak er basert på prinsipp frå målretta miljøarbeid og kunnskapsbaserte metodar, og som er individuelt tilpassa til behovet i det enkelte tilfelle. Vår arbeidsform baserar seg på grunnleggande omsorg, miljøarbeid og miljøbehandling.
Som fagkonsulent inngår du i eit regionalt leiarteam og har det faglege ansvaret for tenesteutøvinga i fleire tenestetilbod. Som fagkonsulent i Ecura Bo og Habilitering blir du ein del av ei nasjonal fageining som består av rutinerte og anerkjente fagpersonar. Fagkonsulentar har eit spesielt ansvar for oppfølging av Ecura sitt eige fagsystem, for rettleiing av tenesteytarane og for å koordinere instansar som inngår i samarbeidet rundt kvar tenestemottakar.
Me søkjer deg som trivast med sjølvstendig arbeid og har stor grad av gjennomføringsevne, samtidig som du trivast med å rettleie fleire ulike personalgrupper i løpet av ein månad. Me håpar at nettopp du, som har faglege ambisjonar og likar å etablere/følge opp tiltak med høg fagleg standard, søker på stillinga som Fagkonsulent på Vestlandet. Det må reknast med noko reise. Arbeidsstaden vil vere Hafslo og Sogndalsområdet.
Me tilbyr:
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein region med endring og utvikling.
- Moglegheit til å vere med på å utvikle tenesteområdet saman med engasjerte fagpersonar og leiarar
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
- Gode pensjon- og forsikringsordningar
Ansvarsområder:
- Sikre integritet i behandling gjennom utarbeiding og oppfølging av fagsystem og prosedyrar
- Sikre oppfølging av aktuelle lovverk, dokumentering og rapportering
- Aktivt bidra til endring- og utviklingsarbeid
- Rettleiing og kompetansehevande tiltak for ansatte
- Samarbeid med oppdragsgivarar, spesialisthelsetenester, nærpersonar og andre instansar
Kvalifikasjoner:
- Bachelor i vernepleie. Anna relevante helse- eller sosialfagleg utdanning kan vurderast.
- Kompetanse innan psykisk helsearbeid og/eller habilitering
- God kjennskap til målretta miljøarbeid og utfordrande atferd
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne
Me vektlegg følgjande:
- Relevant vidareutdanning eller master, fortrinnsvis innan psykisk helsearbeid eller habilitering
- Formal- eller realkompetanse i rettleiing
- Kjennskap til aktuelt lovverk, herunder HOL kapittel 9
- Førarkort klasse B og disponerar eigen bil
- Personlege kvalitetar, relasjons- og mellommenneskeleg kompetanse
Om Ecura
Ecura er eit resultat av fleire selskap som har slått seg saman for å byggja eit kvalitetsorientert norskeigd helse- og omsorgsselskap. Me er i sterk vekst og sysselset over 3 500 tilsette fordelte på ulike verksemdområde. Våre tenester omfattar heildøgns tenester for personar med samansette hjelpebehov, rettleiingstenester, brukarstyrt personleg assistanse (BPA), heimetenester og dessutan vikartenester for helsepersonell. Me har verksemd i heile landet.
Me er ISO sertifiserte både innan miljø, arbeidsmiljø og kvalitet. Som første helseføretak i Noreg vart me også sertifiserte for ISO 27001; informasjonstryggleik i 2020.
- Steder
- Sogndal
Om Ecura Bo og Habilitering
Ecura Bo og Habilitering AS er en ledende leverandør av omsorg, miljøarbeid og miljøbehandling i Norge. Vi tilbyr varige heldøgnstjenester, korttidstilbud og avlastningstjenester for mennesker med komplekse bistandsbehov. Vårt mål er å skape et fullverdig liv og trygge rammer for tjenestemottakere, pårørende og oppdragsgivere.
Fagkonsulent i Ecura Bo- og Habilitering
Som fagkonsulent inngår du i eit regionalt leiarteam og har det faglege ansvaret for tenesteutøvinga til mennesker med langvarige og samansatte behov. Du vil jobbe med hovedfokus på fag og kvalitet.
Laster inn søknadsskjema